Rekordsterkt medlemstal

AUF aukar medlemstalet til supersterke 9640 – Dette er eit historisk bra medlemstal, og stadfestar AUF sin posisjon som det desidert største ungdomspartiet, seier AUF-leiar Martin Henriksen.

 

- At vi har auka medlemstalet seks år på rad, og fått over 1500 nye medlemmar berre dei to siste åra er ikkje tilfeldig. Takk til alle engasjerte aktive som har stått på heile tida og som no har gjort AUF til ein enda sterkare organisasjon, seier Henriksen.

Han varslar at AUF no vil jobbe for gjennomslag i saker som motstand mot olje i nord, fråfall i skolen, arbeid og integrering:

- Fleire medlemmar gir auka gjennomslagskraft. Dei som har blitt med i AUF skal sjå at engasjementet gir resultat, og AUF kjem til å bruke den auka styrken til å kjempe for enda fleire politiske sigrar. Vi skal fortsette å være ei kritisk, men konstruktiv stemme i norsk politikk. Samtidig skal folk også merke at vi har blitt større, lover Henriksen.

Generalsekretær Julie Lødrup strekar under kor sterkt medlemstalet blei, og gir ros til AUFs mange entusiastiske medlemmar og tilsette rundt om i landet:

-    Ikkje berre held vi ved like medlemstalet frå det ekstremt bra fjoråret, vi aukar det attpåtil. Dette er veldig veldig sterkt, og det vitnar berre om kor fantastisk flinke sekretærar, lokallag og aktive medlemmar vi har i AUF, seier Julie Lødrup.

Ho oppfordrar dessutan nye medlemmar til å engasjere seg og delta aktivt i organisasjonen i 2010:

-    No håpar eg at mange av dei som blei medlemmar i løpet av 2009 vil bli aktive i organisasjonen i år. Vi skal jobbe for å få med oss flest mulig, og vi håpar mange vil bli med og sette sitt preg på AUF: Kom på sommarleir, delta i lokallaget der du bur - bli med på å bestemme kva AUF skal meine og jobbe med i framtida, seier Lødrup.

Sjå også: Større AUF varsler kamp mot oljeboring i nord (vg.no, 14.januar 2010)

Facebook Group Flickr Twitter YouTube
Arbeidernes Ungdomsfylking Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) er Arbeiderpartiets ungdomsorganisasjon. Vår visjon er at enkeltmennesker sammen skal skape et fritt og rettferdig samfunn, der økologi settes foran økonomi og menneskelige verdier foran materiell velstand.
Alt innhold på disse sidene tilhører Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) og kan ikke benyttes uten samtykke.
Kontaktinformasjon Tlf. 22 39 61 40
Faks 21 55 55 92
auf@auf.no
Adresse Arbeidernes Ungdomsfylking
Postboks 8863 Youngstorget
Youngstorget 2A
0028 OSLO