| Demonstrasjon mot Israel sitt angrep på den internasjonale hjelpekonvoien |
|
![]()
Israel borda i dag tidleg ein internasjonal hjelpekonvoien som var på veg til Gaza medhumanitær bistand. 16 menneske skal vere drepne av israelske soldatar og eittrettistalls menneske skal vere såra. Leiar avAUF i Rogaland, Christina Nessa, reagerer sterkt på angrepet, og oppfordrarAUF-medlemmer og andre til å møte opp på demonstrasjon på Domkyrkjeplassenmåndag 31. mai. Skipa på veg til Gaza hadde med seg 10.000 tonn naudhjelp og mat, men vart borda avisraelsk militære i internasjonalt farvatn, noko som strid mot internasjonalrett. Gaza har vore ramma av ein blokade i tre år, og innbyggarane har for litemat og andre nødvendigheiter. Passasjerane på skipet var parlamentarikarar,fredsaktivistar og journalistar. - Det er på tide at verdssamfunnet reagerer påIsraels overgrep, og det er viktig at me viser vår avsky mot Israel sinehandlingar på demonstrasjonar i ettermiddag, seier Nessa, som igjen oppfordraralle å møte opp på demonstrasjonen på Domkyrkjeplassen. - Vi må krevje både at konvoien skal fåpassere og gje hjelp til sivilbefolkninga i Gaza, og at Israel må oppheveblokaden av Gaza, sier Nessa. Mange AUF-ere i Rogaland er forventa å møteopp på demonstrasjonen, som startar kl. 17.00 på Domkyrkjeplassen i Stavanger. |